Bryllupsfotograf Torstein Lund Eik

Det er ingen tvil om at bryllupsdagen er ein av dei verkeleg store dagane i livet. Sjølv om minnet av seremonien, festen og den flotte stemninga er noko som blir med dykk heile livet, er fotografi frå dagen herlege tilbakeblikk. 

Anten det er eit bilete av brura som gjer seg klar, då brudgommen ser brura for fyrste gong, eller når ein av foreldra held tale, er det minne som er verdt å bevare.

Dersom de er på utkikk etter ein bryllupsfotograf som kan fange øyeblikka frå heile dagen eller berre ein liten del av den, ta gjerne kontakt. 

Dette kan eg tilby

Heildagsfotografering

Dette er løysinga for dykk som ønskjer å ha fotograf med heile dagen, frå førebuingar om morgonen til brudevalsen på kvelden. 
Her får ein foreviga dei små øyeblikka og den herlege stemninga.


Pris: 18 750,- 
10 timar fotografering

Pris inkl. MVA

Vigselen

Her blir eg med under sjølve bryllupsseremonien og fotograferar det store øyeblikket då de seier ja til kvarandre, på ein diskret måte.



Pris: 3125,-



Pris inkl. MVA

Bryllupsportrett

Dette er for dykk som ønskjer dei offisielle portretta til bruk i takkekort og som skal henge på stoveveggen i åra framover. 



Pris: 6250,-
2,5 timar fotografering

Pris inkl. MVA


Dette er inkludert

  • Ferdig redigerte digitale biletefiler
  • Leverast på minnepenn eller digitalt
  • Alle bilete vert lagra digitalt i minimum eitt år etter bryllupsdatoen


Eg kan òg hjelpe med framkalling, forstørringar, lage til album og takkekort om det er ønskjeleg. Dette er då ikkje inkludert i prisen.


Vilkår

Eventuelle reiseutgifter kjem i tillegg til prisen.

Fotograf og brudepar signerar ein avtale før bryllupet.

Depositum på halve summen betalast to veker i forkant av bryllaupet.



Om meg

Når de hyrar meg som fotograf til bryllupet får de selskap av ein triveleg type på 194 centimeter, som elskar å fotografere. Eg har leika meg med kamera i ei årrekke, og fotografert fleire bryllup og store hendingar. Forutan ein som kan fange øyeblikka får de òg ein kar som likar å få folk til å le, slappe av og er oppteken av at brudeparet skal vere fornøgd med fotografia frå dagen.


Kontakt meg

Vil du hyre meg inn som fotograf allereie? Eller lurar du på om eg er ledig på datoen det gjeld?
Kanskje du berre vil du slå av ein prat og finne ut om eg er rett fotograf til jobben?

Då er det berre til å nytte skjemaet under og ta kontakt - eg tek gjerne imot spørsmål om kva no enn det skulle vere!

Sjekk gjerne ut resten av sida mi for fleire døme på bryllaupsbilete.

Using Format